Fedora Linux-brukardokumentasjon
Fedora-dokumentasjonen inneheld omfattande informasjon om korleis du installerer og bruker Fedora-operativsystemet og programvara som er pakka av Fedora-prosjektet. Fedora er eit stort prosjekt. Derfor vert det her fokusert på grunnleggjande forklaringar og tilvisingar til detaljert dokumentasjon for dei ulike delprosjekta. Eit spesielt fokus er på å gjera det enklare for nye brukarar å komma i gang.
Fri programvare har dei siste tiåra produsert eineståande tekniske prestasjonar og løysingar. Berre eitt døme er Apache-serveren, som i dag vert brukt av dei aller fleste nettstadane og forsyner heile Internett med informasjon. Dette overskyggjer fort eit faktum som Richard Stallman understreka allereie i 1997:
«Den største mangelen i frie operativsystem ligg ikkje i programvara — det er mangelen på gode frie manualar som me kan inkludera i desse systema.» [1]
Det er denne ånda som inspirerer Fedoras dokumentasjonsteam til å gjera det ofte tøffe og tidkrevjande arbeidet med dokumentasjonen vår.
Her finn du ei mengd informasjon:
- Komma i gang
-
Fyrste gong med Fedora Linux? Nye brukarar finn her omfattande informasjon for å komma i gang med Fedora
- Systemoppgradering
-
Har du allereie ein Fedora Linux-utgåve eller Spin i drift? Du treng ikkje å installera systemet ditt på nytt for å få den nye versjonen. Fedora har lagt ned mykje arbeid i å gjera ei oppdatering på staden påliteleg og heilautomatisk.
- Fedora 38 release notes
-
Inneheld omfattande informasjon om nye og endra funksjonar i den noverande versjonen. Brukarar vert tilrådde å skumlesa denne informasjonen for å sjekka om dei kan verta ramma av ei av endringane eller om dei no kan løysa eit problem med ein ny funksjon
- Fedora 37 release notes
-
Fedora støttar den noverande og den førre versjonen. Som ein referanse finn du her ei hurtiglenkje til versjonsmerknadane til dei tidlegare versjonane.
I den øvste linja kan du velja eldre versjonsmerknadar.
- Ei innføring for nybyrjarar
-
Er du ny i Linux? Her gjev me deg nokre fakta, ordtilfang, og lenkjer for ei fyrste orientering.
Du kan òg taka ein titt på Fedora Magazine, som inneheld ofte oppdaterte artiklar av interesse for Fedora-brukarar, frå nybyrjarar til ekspertar, og frå Raspberry Pi til skrivebordet til serverar og skya.
Få hjelp
Det finst mange stadar på Internett som kan hjelpa deg når du støyter på eit problem som ikkje er beskrive i dette kapittelet: diskusjonsforum, bloggar, IRC og mykje meir. Nokre av dei mest populære stadane du kan finna hjelp, er:
-
Ask Fedora - Fedora’s knowledge base and community-driven question-and-answer site, available in multiple languages
-
The #fedora IRC channel on Libera.Chat - one of the main Matrix/IRC channels used by Fedora users, English only
-
Du kan òg taka ein titt på Fedora Magazine, som inneheld ofte oppdaterte artiklar av interesse for Fedora-brukarar, frå nybyrjarar til ekspertar
-
Stack Exchange - eit engelskspråkleg forum for spørsmål og svar, ikkje spesifikt for Fedora
The above list is by no means complete - you can find help in many other places as well. Additional information about available resources such as IRC channels and mailing lists is available at https://fedoraproject.org/wiki/Communicating_and_getting_help. |
Før du opnar ein ny diskusjon eller ber nokon om hjelp på IRC, bør du alltid gjera nokre få undersøkingar på eiga hand. Viss du støyter på eit problem, er det som regel ein god sjanse for at nokre andre har støytt på det same problemet før deg og publisert ei løysing ein stad. Å starta ein diskusjon om noko som allereie er forklart ein annan stad, eller å stilla eit vanleg spørsmål som har vorte svart på mange gonger før, vil sannsynlegvis ikkje resultera i eit vennleg og konstruktivt svar.
Når du ber om hjelp til å feilsøkja problem knytt til installasjonen, kan du verta bede om å oppgje loggfiler som er genererte av installasjonsprogrammet. Sjå den tilhøyrande dokumentasjonen for å finna ut korleis du får tilgang til ei passande loggfil.
Vert med i fellesskapet
Fedora har eit levande fellesskap. Møteplassen er Fedora Discussion forumet.
Fedora is a huge project. Some of us will remember when we first started getting involved in Fedora. It was not easy to get an overview and to find a way to contribute one’s interests and skills in the best possible way. Fortunately, we now have an initiative to pave the way for new participants and provide some guidance. Have a look at 'Not sure where to start? Come hang out with us!' and/or jump into 'Welcome to Fedora' activities.
Korleis hjelpa oss og gje deg tilbake eit betre fungerande Fedora
Fedora Documentation Project vedlikeheld berre dokumentasjon for den nyaste versjonen og den førre. Me bevarer òg eldre dokumentasjon på denne nettstaden av historisk interesse og for å anerkjenna det generøse bidraget av tid og innsats frå mange, mange forfattarar og omsetjarar.
Hjelp oss med å forbetra dokumentasjonen
Me arbeider kontinuerleg med å oppdatera og forbetra denne dokumentasjonen. For å gjera dette er me avhengige av tilbakemeldingar. Viss du finn feil, saknar eller ikkje forstår noko spesifikk informasjon, eller har forslag til forbetringar, kan du opna eit problem på dokumentasjonsarkivet vårt.
I problemet:
-
Skriv ei oppsummering av feilen eller forslaget ditt i feltet
Issue Title
. -
Kopier fylgjande mal inn i
Comment
-feltet, og beskriv feilen eller forslaget so spesifikt du kan. Viss mogleg, tak med litt tekst rundt, slik at me veit kvar feilen oppstår eller forslaget passar inn.Document URL: Section name: Error or suggestion: Additional information:
-
Klikk på knappen Create Issue .
Me takkar alle som har jobba hardt for å retta opp denne mangelen i tidlegare versjonar av Fedora.
Want to help? Learn how to contribute to Fedora Docs ›